En hotell-leders innsigelser

Preben Moen er «husfar» og driver Gloppen Hotell i Sandane. Les hans opplevelse etter nok en nedstengning av horeca-samfunnet.

Dette er hans ille betraktninger i kveld.

Ringer:

(1) Hei, eg er i karantene, men vi får vel koble oss opp på teams.

(2) Ja, etter leiarbreefen. Klokka 14.00. Faen, vi er der igjen. Tenk det!

(1) Ja, tenk det. No trudde eg faktisk det var over.

(2) Alle har avbestilt i helga. Og vi har ikkje noko spesielt med aktivitet før jul, ser ut som det blir en stille vinter.

(1) Ja, tenk at vi skal permittere igjen, det er altså fjerde gongen.

(2) Ja herregud.

Leiarbreefen går sin gong, 20 minutt med prat fra øverste hold. Om kva tiltak hotellene må gjere, kva skal vi no gjere med trafikken som er vekk, er det 2 dagers permitteringsvarsel? Eller 10? eller kanskje 14? Korleis gjer vi det med juleferien? Skal vi permittere folk da, for å så og ta dei inn igjen rett over nyttår?

Ja, jo, vi trur det er slik. Og det kom ikkje tydeleg fram i går. Og vi har snakka med Virke, advokater og andre for å finne ut av det.

Ja, vi får vel berre permittere alle. Pass på å ha ei grunn bemanning i tilfelle. Pass på leiarane å holde dei informert, og passe på dei tilsette. Vis omsorg.

Flott folkens, vi snakkast igjen til ny breef i morgen. All kan kontakte oss på hovudkontoret for saker som angår kvert hotell, Takk. Hadet.

Tekstmeldingar

Tekstmelding: «Hi Preben, how are you? I know ur in carantine, im wondering if I could go home this Christmas? And when should I come back? Im not sure if I am to be honest.”

Svar: “Ofcourse u can mate, im not sure, I would love to have u here”

“Hi Preben, do state give us feriepeng next year?”

-“Hi, I don’t know. I hope so!”

«Hei, faen det her suge. Når skal vi bli tatt seriøst?»

-«Eg beklagar! Staten virker heilt hjelpeslause på å finne løysingar som fungerer for oss»

Tenk om det hadde vært oljen….

Tenk om det hadde vært oljen, ja tenk om det. Da hadde det blitt skattefest, men ja, vi er jo ikkje oljen, heller ikkje den nye olja, vi er reiseliv, restaurantar og uteliv. Distriktsbyggjarer og ikkje minst veldig nær kvarandre. Altså vi kjenner kvarandre veldig godt. Akkuratt no, kunne eg tenkt meg at alle min ansatte var ein av 1 millionar i bygda eg bur i. For når du skal arrangere allmannamøte for fjerde gang, med den same beskjeden. Sjå ansatte eg veit ikkje har allverden, men dei har ivertfall råd til å betale SFO og huslånet, fordi dei jobbar i ei lokal hjørnesteinsbedrift, som har drive med reiseliv i snart 200 år. Men 1 .januar er vedkomande offer for statlleg innkompetanse og blir permitert for 4 gong, og det på underkant av 2 år. Korleis skal ho då betale for SFO i januar? Med 62,4% av løna si? Kanskje ho berre skal selge huset og flytte. Kanskje draumen om Noreg ikkje er så bra, kanskje staten aldri heilt skal finne ut av korleis dei best mogeleg skal ivareta våre ansatte i denne bransjen. Kanskje eg berre skal gje opp?

Ja, i irritasjon og skammen overfor mine ansatte har eg sjølv permitert meg som ein av dei første. Fordi eg har råd, eg er heldig. Eg er ein av dei allerfleste. Men hjerte mitt står så utrulig sterkt for dei gløymte i pandemien, dei som no ikkje veit om husleiga kan betalast i januar. Det vesle dei har av feriepengar må kanskje offrast, fordi staten igjen feila med å hjelpe.

Eg ber statsministeren og alle på stortinget! Få ut fingeren og tenk logisk. De kontrollerte ei nedstenging av nesten heile bransjen i går. Med dette kan dykk sleppe å måtte ta over ansvaret for ansatte for tidleg. (2dagar perm varsel) derfor deler ein på kostnadane dei første dagane. Dette er greit, Norske modellen. Fint.

Håpløst

Men høyr her Jonas og Co, dere må betale 62,4% av løna til ein vanlig lønsmottaker mellom 3g – 6g, dersom vedkomande blir permitert.

Kva om de gjev den potten til hotella, VISS dei held ansatte i 100 % stilling.

Da ville ansatte fått ei fredeleg jul, staten ville brukt nøyaktig like mykje penger på å holde folk i sving. Og SFO regninga kan berre komme i januar og februar.

Det aller viktigste å påpeike, er at Virke, LO og NHO er enige. De har alle partar med dykk.

Problemet dykkar no, er at de kun har få dagar på dykk, til å faktisk få fiksa dette. Og eg meiner at det burde ligge høgt, og burde vore presentert i går på TV. For prisen for å ikkje gjere noko no, den er stor for alle hotell, restauranter og bar ansatte der ute! Og ikkje minst deira barn. Lat oss stat, bedrift og ansatte gå samen om å gje folket i disrikta og by ei god og fredeleg jul, uten ekstra kostnader for ansatte eller staten. Slik at eg kan sjå at mine ansatte i auga og smile, seie God Jul, utan og tenkje, eg veit jo at den ikkje blir så god som den burde være. Å sitte i telefonen med ansatte som treng hjelp. Låne dei penger til å komme seg heim for å sjå familien sin for første gang på snart 2 år.

Lat oss lære av at vi saman kan løyse dette for det beste for alle ansatte.

Så slepp vi kontinuerleg å slite dei ansatte helt ned til at det ikkje orkar meir, eller at det ikkje er noken annen utvei enn å finne noke anna. Det er ein samfunns funksjon alt dette vi driver med. Vi er ekstra viktige i distrikta. Så Jonas, kom igjen tørk av dei usikkerheita og smell knyttneven i bordet å sei, la oss gje reiselivet litt status for engangs skyld. Det er alt dei ber om. Som oljen og alle andre statlege arbeidsplasser ofte blir lagt frem som heltar. Lat oss bli anerkjende som dei samfunnsbyggarane og inkluderande arbeidsplassane vi er! Og vis argumenta mine til Trygve, han kan forklare dei og kva eg meinar med bygde fornuft. For det er det vi snakker om no. Fornuft til å endre til det betre. Noko eg eit finns hos heile ditt apparat og deg sjølv!

Hilsen Preben Moen, husfar, Gloppen Hotell by Classic Norway Hotels.

Lik og følg gjerne magasinet Horeca på Facebook og Instagram (søkeord horecanytt)

Du kan abonnere på gratis nyhetsbrev fra magasinet Horeca/Horecanytt.no her

Her kan du abonnere på magasinet Horeca

Powered by Labrador CMS